HUSFLID I FLOR`N

Er ikkje sida oppdatert? sjekk sida vår på

 

HOVEDSIDA     DELTAKARAR     KART    JULETRE    REF. FRÅ DAGANE     AVISUTKLYPP      ÅRETS PLAKAT

 

 

Randi

Bjarte

Helga

Stine

Bente

Merete

Grethe

Torunn

Margun

Inge

OPPSUMERING 2008

Fredag. 12. des. Dagen før opning. Vi har brukt veka til rydding inne og ute, kosting, og vasking i lokalet. Så no er ting snart på stell. Set på varme no og så kjem utstillarane med tinga sine utover dagen. Været er fint, tørt og kaldt. Litt snøslaps som har frose til holke, men vi strør så det blir godt å gå. meldingane for helga er gode - mildare, ein del vind men mykje sol.

Lørdag 13. des. Flott vær, sol, litt vind men veldig glatt. Strødde godt i tunet så det ikkje var fare for stygge fall. Godt med folk. Litt juletresalg. Det nye hengende bålet var populært å grille pølser på. Tre kaninungar i bur var og populær blant borna. Ei lokalavis var innom og tok bilder.

Søndag 14. des. Like fint vær i dag som i går, og fortsatt like glatt. Måtte strø i dag att. Mykje folk heile tida. Mange henta juletre. Leif Johnsen var og fortalde om dyra sine. han hadde med høner og duer. Hunden Bamsi var og med. Lokalavisa, Strilen, var og tok bilder og intervju. Kjem i avisa på tirsdag. Mange som grilla pølser ute.

Lørdag 20. des. I dag var det meldt regn og storm, og det holdt kankje ein del folk heime, men alikevel var her mange innom. Vigleik Ypsøy frå Ypsøy Kystgard var her med smaksprøver på spekepølsene. Mange var etter juletre. Vi torde ikkje tenne i bålet for det blas så fælt. Ei lokalavis var innom og tok bilder.

Søndag 21.des. betre vær enn i går og sola kom også fram så vidt. Vi hadde fyr i bålet og grilla pølser. Kl. 15,30 var her solsnukonsert med Alverflaten Jazzband. Det var veldig mykje folk innom, særleg på konserten. Vi delte ut diverse rytmeinstrumet som borna fekk bruka. Mykje juletrær vart henta.

Så var det tid for opprydding, og alle henta tinga sine. Atter sto floren tom. Medan det enda var varmt i rommet mala vi like godt veggane, så er det klart til neste år, for utstillarane hadde klare planer...

Hengende bål

2008

Alverflaten Jazzband sol-snu konsert 2008

Synneva Skintveit

bilder 2007

Kristi Skintveit vev 2007

Ref. Bjarte

Du er besøkende nr. på denne siden

Her kan du lesa om tidlegere messer: 2002, 2003, 2004, 2005, 2006, 2007


Sidene er laga av Bjarte J. Skintveit

STEINBERGET GARDSTUN - 5917 Rossland - tlf.:56 17 93 41/mob.:450 66 764

trykk her for å sende e-post til oss