HUSFLID I FLOR`N

Er ikkje sida oppdatert? sjekk sida vår på

 

HOVEDSIDA     DELTAKARAR     KART    JULETRE    REF. FRÅ DAGANE     AVISUTKLYPP      ÅRETS PLAKAT

 

 

Randi

Bjarte

Helga

Stine

Bente

Merete

Grethe

Torunn

Margun

Inge

 

OPPSUMERING 2007

Så er det tid for messe att... Og i år har vi 10-årsjubileum! Det blir to helger i år. Vinteren har så vidt vist seg med snø og frost.  Det er ein ny utstillarar i år. Wenche I. Bjørnevoll med hekla dukar. Dei andre utstillarane er Randi Skintveit med lappetepper, Helga M.V.Lilleskre med malte glass og nissar,  Bente Brakstad med såper, pynteting og sydde småting og Solgunn Hansen med maskinsydde broderi på handukar og babytepper.

Ellers er vi glade for å ha fått med to litt meir etablerte kunstnarar. Vi stiller ut vevde tepper av Kristi Skintveit og måleri som Synneva Skintveit har laga. Dette også for å markera jubileet. Vi har også tatt vekk deler av den gamle fjøsinnredninga for å gjera rommet litt meir romsleg. Villmarkskledning på veggen viste seg å vera kledeleg.

Her føl refferat frå dagane.

Lørdag 8. des. Opning kl. 12. Alt var klart i god tid. Journalist frå NH avis var på plass og tok bilete og skulle laga innlegg til onsdagsavisa. Her var godt besøk heilt frå starten og jevnt utover til kl. 16. Været var fint etter ei regntung veke. 

Søndag 9. des. Det var kaldere i veret og opplett. Mange folk var innom. Kl. 15 kom Leif Johnsen og fortalde om duer og høner. han hadde også med 3 høner som han slepte laus og som spaserte rundt i florn på leit etter vaffelrestar som hadde havna på golvet. Her var rift etter vaflar og gløgg, og godt salg av husflid. Fleire juletrehentarar var det også. Fint å oppleva at folk tar seg tid og set seg ned med strikketøy

Lørdag 15. des. Stabilt mildt og fint ver heile dagen. Mange juletrehentarar og godt besøk i floren. Mange born.

Søndag 16. des. I dag har det vert veldig godt besøk, meir enn nokon gong tidlegare. Dette er nok den messa som har hatt flest folk innom i løpet av alle dagane. Det er gledeleg å sjå at så mange vil vere med på denne tradisjonen å sjølv henta seg juletre. Veret har vert flott alle dagene. No pakker utstillarane ned det som er att av husflid, og gler seg til å koma att neste år.

Ref. Bjarte

Du er besøkende nr. på denne siden

Her kan du lesa om Husflidsmessa 2002, 2003, 2004, 2005, 2006


Sidene er laga av Bjarte J. Skintveit

STEINBERGET GARDSTUN - 5917 Rossland - tlf.:56 17 93 41/mob.:450 66 764

trykk her for å sende e-post til oss