HUSFLID I FLOR`N Er ikkje sida oppdatert? sjekk sida vår på
HOVEDSIDA DELTAKARAR KART JULETRE REF. FRÅ DAGANE AVISUTKLYPP ÅRETS PLAKAT |
StineBenteMereteGrethe |
OPPSUMERING 2006 Så er det tid for messe att... Det blir to helger i år. Vinteren lar venta på seg og det har regna i eitt sidan 29. oktober, bortsett frå to dagar med frost. Det er to nye utstillarar i år. Solgunn Hansen med sydde vesker og bilder og JanFredrik Larsen med maleri. Dei andre utstillarane er Randi Skintveit med lappetepper, Helga M.V.Lilleskre med malte glass og nissar, Eli Skauge med strikka huer og labbar og Bente Brakstad med såper, pynteting og sydde småting. Her følger refferat frå dagane. Lørdag 9. des. Opning presis kl. 12. Alt var klart i god tid? Utrulig men sant. Ikkje så mange innom denne dagen, men avisa Strilen var kom og tok bilder og vil skriva eit innlegg til veka. Søndag 10. des. Denne dagen hadde værvarslinga varsla om eit forrykande uvær med regn og orkan. I etterkant har eg fått vita av ein lokal nedbørsmålar at det fallt 84 mm nedbør denne dagen. Men alikevell kom her mange innom. og her var rift etter vaflar og gløgg, og godt salg av husflid. Fleire juletrehentarar var det også. Lørdag 16. des. I dag har det vert masse folk innom, og vi har hatt god julestemning. Fortsatt regn og hagl. Mange juletrehentarar idag. Virkar som det er meir folk i år enn før. Det var avisinlegg i Strilen i veka. Teksten var fin, men dei hadde konsekvent kalla meg for Bjarne... og bildet var av to trøyte typar og Randi med ryggen til... og ingen utstilling... Me er klare til storinnrykk i morgon. Siste søndagen plar altid vera godt besøkt. Og så kjem jo Leif med sine koselege forteljingar kl. 14,30. Søndag 17. des. Ein fantastisk dag med sol mykje tå dagen. Veldig mykje folk som var innom. Leif som var innom med høner, duer og hunden, Bamsi. Han fortalde historier om duene som passa på kvarandre og kyllingen som vart klekka ut i eit akvarie. Det var til tider veldig fullt i florn og stemningen var på topp. Me vil tilslutt få takka alle som har vert innom husflidsmessa i år og velkommen tilbake neste år... då er det 10 års jubileum, og det må vi jo markera... Mandag var ein barnehage bå besøk i juletreskogen og fann seg eit fint juletre. Etterpå var dei i floren og åt graut. Det var stor stas, og så kom det nisse på bestøk. Det har vert mange i skogen her etter juletre heile veka så det skal ikkje klagast på frammøte. Sola har snudd men ikkje været. Det regnar kvar dag. Neste år der det 10. gang og jubileum! Ref. Bjarte Du er besøkende nr. på denne siden Her kan du lesa om Husflidsmessa 2002, 2003, 2004 og her 2005 |
Sidene er laga av Bjarte J. Skintveit STEINBERGET GARDSTUN - 5917 Rossland - tlf.:56 17 93 41/mob.:450 66 764 |