HUSFLID I FLOR`N Er ikkje sida oppdatert? sjekk sida vår på
HOVEDSIDA DELTAKARAR KART JULETRE REF. FRÅ DAGANE AVISUTKLYPP ÅRETS PLAKAT |
StineBenteMereteGrethe |
SØNDAG 1/12 kl. 12.00 Mildt og fint ver. Julegrana ute vert tend og me opna dørene. Damp frå vaffeljernet krydrar lufta i rommet. Gløgg står og varmar seg i kjelen. Det er stort sett dei same utstillarane i år som i fjor. Ny i år er Anne S. Johnsen med tova hattar, vesker og bilete. Inge Åsebø har teke med keramikk som dottera, Stine, har laga. Smånissar smett rundt busker og bygningar, kikar inn dei små florsvindauga og lagar mystiske lydar på låven. Det er lagt opp til juleverkstad for borna der dei laga små garnnissar, kjøleskåpsmagnetar og kransar. kl. 21,00 Det var imponerande godt frammøte i dag. Det var nok rundt 50 innom. Særleg tett med folk var det her klokka tre når Øystein, ikledd nikkers, strikkatrøye og nissehue var her og underheldt for dei minste med gitar og song. Vi er nøgde med den første opningsdagen. laurdag 7/12 12-16 At det er julehandel i storsentera merkar ein på besøket. Ikkje så mange kom innom i dag som sist. Det var ca 25 innom. Det var likevel aktivitet på juleverkstaden. Juletresalet kom og i gang i dag. Spesialtilbodet på kr. 100 pr. tre fekk mange familiar i skogen med sag eller øks. søndag 8/12 12-16 Strålande ver og kaldt, men vi klarte å varma opp lokalet så isen tina tå florsvindauga. Bra besøk. Journalist frå Nordhordland avis var innom. Han fekk så vidt tatt bilde av nissen som smatt forbi. Stor utfart etter juletre. laurdag 14/12 12-16 Det var vel 50 innom. Nordhordland Avis var innom i dag og for å laga ein artikkel om forteljaren. I dag var det Leif Johnsen, (ikledd gamle klede og med ekte tresko) som fortalde, om hunden som vart borte. Dette var ei "røynda historie" og hunden hadde han med. Han hadde og duer med seg. Dette var spanande forteljingar for både vaksne og born. søndag 15/12 12-16 I dag var her svært godt besøk. Rundt 100. Det var folk etter juletre heile tida og alle var fornøyde med utvalet. Det var til tider kaos med bilar som skulle parkerast eller køyra ut, og eg måtte opp med varseltrekant for å dempa på farten. (luksusproblem) Mange venta i floren på at forteljaren skulle koma. Det gjekk voldsamt av vaflar og gløgg. Været var også denne helga strålande. Vi ser rett nedpå den blanke isen som er vel 20 cm. tjukk. Mange har nytta høvet til å bruka skøytene i helga. Besøkende
nr. |
Sidene er laga av Bjarte J. Skintveit STEINBERGET GARDSTUN - 5917 Rossland - tlf.:56 17 93 41/mob.:450 66 764 |