MIDTRE HOLSNØY GRUNNEIGARLAG - konflikter
ved inngrep i vassdraget.
MELAND
KOMMUNE SINE DELTE MEININGAR
Her kan du
lese om korleis kommunen har handtert
rørsaka.
Den fortel samtidig mykje om saksgangen i kommunen - korleis
administrasjone kan handla i strid med kommunestyrevedtak. Den politiske
delen av kommunen ville at røret skulle skjulast under elvebotnen, medan
den administrative delen har motarbeidd dette. Dette er Meland kommune
før kommunesamanslåinga - i dag Alver kommune.
Sida er oppdatert
03.08.2023
Dette er saka. (Trykk på linker for å
lese dokumentet.)
1999 -
Kommunestyret
gjev merknad til smoltanlegget sin søknad om, blant anna, utviding av
anlegget og legging av ny inntaksledning. Kommunen sin merknad til legging av
inntaksledning er: ”Den omsøkte leidningen skal sprengjast/gravast ned slik at den ikkje vert synleg frå land”
2005 -
Kommunen v/ordfører underteiknar ein avtale som gjev smoltanlegget lov til å
utføre arbeide på kommunen sine eigedommar ved elva.
27.03.2009 -
Det dukkar så opp ei erklæring som seier at Meland kommune ikkje har noko
merknadar til korleis inntaksleidningen ligg i elva. Erklæringa er underteikna av ein sakshandsamar i kommunen. Vi spør kommunen NNT (Komm.avd. for
natur - næring og tekniske tenester) korleis dette heng saman. Det går fram
at Salar Smolt AS har, via NVE, send erklæringa til OED (Olje- og
energidepartementet) for å svekka grunneigarlaget si
klagesak.
10.06.2009 - Det viser seg at ingen i kommunen viste om
denne erklæringa - den er ikkje sakshandsama og ikkje arkivert. Det finnes
heller ikkje kopi hos kommunen.
Grunneigarlaget
ber kontrollutvalet om sjå på saka.
02.11.2009 -
Sakshandsamar som har underteikna kjem med si forklaring. Det kjem fram av
forklaringa at han ikkje har hatt oversikt over kva han har underteikna. Han
meiner blant anna at kommunen ikkje eig noko i elva. Dette er ikkje riktig då
eigedommar som møtast på kvar si side av elva har felles grense på det djupaste
i elva. (Norsk lov -
vassdragsloven
§2)
15.03.2010 -
Kontrollutvalet si
avgjerd. På tross av ein kritisk tone i revisjonen sin uttale og framlegg,
har det kome motforslag frå eit medlem i kontrolluvalet, Motforslaget får fleirtal
med 3 mot 2 stemmer. Dette er oppsiktsvekkande. Laget har ikkje ressursar
til å gjere meir med denne saka, men stiller store spørsmål med tilliten til
kommune og administrasjon.
|