OMBYGGING AV DEMNINGA OG ENDRINGAR VED NEDRE
SJEVLO
Det er snakk om byggeaktiviteter i området rundt Sjevlo.
Smoltanlegget som ligg i enden av Rylandsvatnet vil bygga om demninga på Sjevlo til ein overløpsterskel.
Det er og snakk om veg fra Bjørndalsvegen og til demninga. Det vert eit omfattande inngrep som vil endre i landskapet.
Smoltlanlegget vil ha vassnivå så høgt som mulig for å sikra mest mulig vassmagasin.
Det er planen at vatnet skal regulera seg sjølv med ein ny demning. Me veit lite
om sjølve inngrepet, og korleis landskapet vert sjåande ut. Det skal og lagast bilveg ned til demninga.
Smoltanlegget la for nokre år sidan ned eit svært rør med diameter 1m i enden
av Rylandsvatnet. Smoltanlegget følgde ikkje kravet frå NVE om at røret skulle
skjulast, men la det oppå elvebotnen. For å retta på dette konsesjonsbrotet,
meinte vassdragsmyndighetene at det var greit å berre endre teksten i løyvet. Det var ein lang kamp for å få dei til å inrømma
at det var gjort feil. No ligg røret der - og i vegen for fiske og ikkje noko
fint å sjå på.
Med dette friskt i minne er det grunn til å passe på... Les meir om den saka
HER.
NVE anbefalte ombygginga i konsesjonen frå 2001, der dette og var eit av dei
omsøkte tiltaka. Tiltaket skal avtales med dei direkte berørte grunneigarane.
NVE skal behandle ein detaljsøknad for demninga. Kommunen skal behandle søknad
om veg.
Flott Facebookside om Rylandsvassdraget med fine bilder:
Besøkende nr.
|