GRUNNEIGARLAG RØRET FISHING FISKE  SJØ FERSKVANNSFISKE

 

FISKE OG FERDSEL I RYLANDSVASSDRAGET

Rylandsvassdraget er eit vakkert vassdrag, som består av tre store og 5 mindre vatn, som er bunde saman med elvar og kanaler. 

Storavatnet er det største med ei flate på omlag 2.5 km². Her er det svært mykje røye og noko aure. Snittstorleik 100g.

Bjørndalsvatnet er minst. Herfrå renn vatnet via ei demning og ein foss til Rylandsvatnet.

Rylandsvatnet ligg 1.5 m lågare enn dei to andre og er 0.6 km² stort. Her er ikkje så mykje fisk som i Storavatnet, men den er noko større. Snittstorleik 220 g. I hele vassdraget kan ein fiske både røy og aure. Det er teke ferskvassaure på over 2 kg her.  Her er og ål og stingsild.

Vassdraget har fysiske stengsel for fisken mellom sjø og vatn og mellom Rylandsvatn og Storavatn. Det jobbes for å få vassdraget gjenopna for anadrom fisk.

Regler for fiske - Her er ikkje fiskekortordning. Grunneigarane har fiskeretten. Grunneigaren gjev- eller leiger ut løyve til fiske frå sin eigedom. Fiske frå båt er fritt - også garnfiske - meld gjerne fangstresultat tilbake til oss på b-bass(krøllalfa)online.no Her står godt forklart om lovgivning for fiskeretten i ferskvann.

Regler for motorbruk. Det er eiga forskrift om dette i vassdraget. Det er lov for alle å bruke el-motor i Storavatn og Bjørndalsvatn, ikkje andre deler av vassdraget. I Storavatn og Bjørndalsvatn kan grunneigaren  bruke motor på maks 10 hk eller maks 5 knop - også andre hvis dei får løyve fra grunneigaren. Les meir om dette i eiga forskrift. Dette gjeld ikkje i andre deler av vassdraget. Utanom dette kan kommunen gje løyve etter søknad.

Smittespredning. Pass på å ikkje overfør smitte til vassdraget. Desinfiser farkost og fiskeutstyr som kjem frå andre vassdrag eller frå sjøen. Ikkje lov¨med levende fisk til agn.

Leige av farkost. Her er utleige fleire stader: kanoer ved pumpehuset på Hestdal (Storavatnet) og ved Rossland skule (Rylandsvatnet), båt og kajakker ved Steinberget sommerhus (Rylandsvatnet).

Overnatting. Det er utleige av hytte ved Rylandsvatnet, der du og kan sette opp telt.

Turstiar rundt vassdraget. Det er tilrettelagt fine turløyper rundt vassdraget. I Skintveitmarka er det laga trebruer så du kan gå nærmast tørt. Området rundt vassdraget.

Flott Facebookside om Rylandsvassdraget med fine bilder:

Midtre Holsnøy Grunneigarlag driv aktivt reguleringsfiske i vassdraget.

 

  Fiske i sjø.

Sida er oppdatert 03.08.2023