GRUNNEIGARLAG RØRET FISHING FISKE  SJØ FERSKVANNSFISKE

MIDTRE HOLSNØY GRUNNEIGARLAG - konflikter ved inngrep i vassdraget. 

RØRSAKA I RYLANDSVASSDRAGET

Denne sida er lagt ut  for å belysa ei sak som opptok laget i fleire år.

Saka er omfattande og vitnar om korleis ei bedrift kan overkjøre private interesser med myndighetenes velsigning.

Dei private er i dette tilfelle grunneigara rundt Rylandsvassdraget - dei som eig rettighetane.

 

         Bilder      -      Tiltaket      -      Linker til viktige dokument   -    Kommunens to roller - Ombygging av demning

Dette er saka:

  • 1999 - Smoltanlegget Rylandsvåg Drift AS søker Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) om konsesjon til å bruke vatn for å auke produksjonen fra 0,5 til 2,5 mill. smolt pr. år.

  • Meland kommune krev i sin merknad at ny inntaksledning (rør på diameter 1m) skal gravast ned ikkje skal vere synleg.

  • 2001 - NVE gjev Rylansvåg Drift AS konsesjon , som inneheld vilkår for tiltaka, deriblant at røret skal ligge under elvebotnen og ikkje vere synleg. Detaljplaner for kvart av tiltaka skal godkjennast av NVE.

  • 2003 - opplysningsmøte på skulen der representanter for konsesjonshaver orienterer om smoltanlegget sine planer, blant anna at  at røret skal skjules under elvebotnen.

  • 2004 - Arbeid/rydding med gravemaskin i Rylandselva mellom bruene.

  • 2005 - Rylandsvassdraget kjem med i nasjonal verneplan for vassdrag.

  • 2005 - Ordfører i Meland skriv under på ein avtale om å legge inntaksledningen over kommunen sine eigedommar i Rylandselva. Etter avtalen skal ledningen leggast i samsvar med arbeidsteikningane. (arbeidsteikningane vart ikkje følgd)

  • 2005 - Byggetrinn 1 og 2, som er ny demning og montering av ny inntaksledning på land, samt sprenging og graving i elveløpet opp til bruene, vart gjennomført.

  • 2006 - Byggetrinn 3, 4 og 5 som er sprenging og graving i elveløpet og nedsenking av røret. Vi kan ikkje sjå at det finns godkjende detaljplaner for legging av røret. NVE seier det ikkje var nødvendig. Det er i så fall i strid med konsesjonen.

  • 2006 - Grunneigarlaget oppdager at røret ikkje ligg slik det er gitt løyve til og tar dette opp med Meland kommune og NVE. Kommunen vil først ikkje gjere noko, men etter fleire henvendingar frå oss vart det, etter eit år, vedteke i kommunestyret  å sende brev til  NVE. Etter synfaring ber kommunen NVE sørge for at ledningen vert lagt i tråd med løyvet.

  • 2007 - NVE kjem på synfaring men aksepterer arbeidet med røret.

  • 2007 - Grunneigarlaget klager NVE si avgjerd inn til Olje- og energidepartementet (OED)

  • 2008 - Olje- og energidepartementet meiner også at røret ligg feil og ber NVE om å finne ei løysing som er i tråd med løyvet.

  • 2009 - NVE sitt forslag til løysing Inneheld inga løysing. Vi sender merknad på dette til OED. Kommunen ved ordfører stadfestar på nytt sitt syn ovenfor OED.

  • 2010 - OED sitt svar: "Klagen tas ikke til følge". OED har endra syn. Vi kan vel ikkje sei anna enn at vi er svært skuffa.

  • 2010 - Grunneigarlaget ber Sivolombudsmannen (SOM) vurdere om konsesjonsvilkåra er fulgt.

  • 2011 - Sivolombudsmannen ber Olje- og energidepartementet vurdere saka på nytt for å finne løysingar som gjer at konsesjonsvilkåra vert oppfylt.

  • 2011 -Olje- og energidepartementet snur att. No er tiltaket etter departementet si oppfatning "ikke i tråd med forutsetningene for konsesjonen."  men dei har ein oppsiktsvekkende løsning.

  • 2012 - Olje- og energidepartementet endrar teksten for at konsesjonen skal stemme med arbeidet som er gjort...

BILDER SOM VISER KORLEIS RØRET LIGG. Kor godt ein ser røret er sjølvsagt væravhengig, men det er alltid synleg.

(trykk på bilda for å få dei større)

Konsesjonen: I 2001 får Rylansvåg Drift AS konsesjon som inneheld vilkår for fleire tiltak, deriblant legging av ny inntaksledning.

Etter inngrepa i elva har smoltanlegget blitt seld til  Alsaker Fjordbruk AS, og heiter i dag Salar Bruk AS.

Smoltanlegget fekk i 2001 konsesjon frå Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) til å ta ut vatn til å produsera 2,5 mill smolt pr. år.

Det vart lagt ny inntaksleidning til anlegget. Denne er 1 m. i diameter innvendig og strekker seg 1500 m. inn i vatnet.

Elva ligg sentralt ved bygdesenteret Vikebø i Nordhordland. Mange i bygda var skeptiske til eit så stort rør i elva.

På direkte spørsmål under eit bygdemøte svara representant frå smoltanlegget at leidninga skulle sprengas ned og skjulast under botnen.

Det gjekk også fram av vilkåra i konsesjonen at leidningen skulle skjulast i elvebotnen og vi såg dette som viktig for bruken av elva til fiske- og rekreasjonsføremål.

Vi stolte også på at dette ville bli gjort.

 

Inngrepet: Konsesjonshaver utførte ein stor sprenge- og grave jobb i elva somrane 2005 og 2006 og leidningen vart lagt i juli 2006.

Vi reagerte straks på at leidningen ikkje var skjult, men låg oppå elvebotnen og avstanden frå vassflata ned til leidningen var fleire stader ikkje meir enn 0,5 meter.

Den er i dag godt synleg gjennom vatnet. Den er skjemmande og til hinder for fiske.

Grunneigarlaget sende klage til Olje- og energidepartementet (OED) på at NVE aksepterer arbeidet sjølv om det ikkje er gjort etter NVE sine eigne vedtak og heller ikkje slik konsesjonshaver lova i forkant av arbeidet.

Seinare har det vist seg at NVE ikkje har godkjend alle detaljplanar slik konsesjonen krev.

OED gjev avslag på klagen. Departementet har lagt vekt på at ytterlegare tiltak vil vera lite forenlig med hensynet til å redusera flaum. Dei  meiner og at det er det beste for ålmenta å unngå fleire tiltak i elva. Forutsetningen om at vassledningen ikkje skulle vere synlig meiner dei er oppfylt ved at vassledningen ligg under vasspeilet. Dei støttar dermed heilt ut NVE si uttale.

 

Sivilombudsmannen reagerer. Hausten 2010 utfordrar grunneigarlaget Sivilombudsmannen (SOM) på om konsesjonen er fulgt.

I februar 2011 ber SOM om at OED må vurdera saka på nytt for å finne løysingar som gjer at konsesjonsvilkåra vert oppfylt. SOM kan vanskeleg sjå at noverande ordning stettar konsesjonsvilkåra.

OED endrar syn. Etter ein ny vurdering meiner OED at teksten i konsesjonen må tolkast slik at leidningen skal skjulast under elvebotnen. Dei slår fast at tiltaket ikkje er i tråd med forutsetningane i konsesjonen. Deira løysing på konsesjonsbrotet er i midlertid å endre teksten slik at konsesjonen passer med det utførte arbeidet. Meland kommune støtta forslaget, som vart vedtatt i mars 2012.

At røret ikkje er lagt etter arbeidsteikningane eller slik konsesjonshaver sa i forkant, er ikkje vektlagt. Heller ikkje at konsesjonshaver har unnlate å levere detaljsøknad for tiltaket  til NVE for godkjenning, slik konsesjonen krev.

Neste tiltaket i konsesjonshaver sine planer er no å bygge om demninga mellom Bjørndalsvatn og Rylandsvatn. Dei vil og bygga kjøreveg til demninga.

Det er grunn til å følga med.

 

Vi veit at smoltanlegget i forkant av tiltaket sa at røret skulle gravast ned i elvebotnen. Det var og eit krav i gjeven konsesjon. Arbeidsteikningane viser at røret skal ligge under elvebotnen og min. 1 meter under vassflata. Dette hadde vore til det beste for ålmenta.

Grunneigarlaget har engasjert seg i saka for at denne elvestrekninga i framtida også skal framstå som ei perle i bygda og vere godt eigna til fiske og friluftsliv.

 

DOKUMENT SOM SEIER AT RØRET SKULLE GRAVES NED: (Trykk for å lese dokumenta)

MELAND KOMMUNE SIN MERKNAD TIL SØKNADEN.

Den omsøkte leidningen skal sprengjast/gravast ned slik at den ikkje vert synleg frå land (står i konsesjonen s. 12)

 

NVE SIN KONSESJON AV 2001.

tekstenleidningen skal sprengast/gravast ned i elveløpet slik at ho ikkje vert synlegstår på side 12, 18 og 19.

 

BREV FRÅ SMOLTANLEGGET SIN STYREFORMANN TIL NVE I 2005. (s.2 - 3. avsnitt)

…… Det vises elles til en utrykkelig

føresetnad om at den omsøkte inntaksledningen skal graves ned i elveløpet slik at den ikke blir synlig

 

ARBEIDSTEIKNINGANE viser at røret skal ligge under elvebotnen og desutan at det skal vere minst

1 m frå vassflate til rør.

(det eine av tre snitt, som er snittet under nyebrua)

 

VIKTIGE DOKUMENT FRÅ KLAGEPROSESS MOT RØRET

24.04.2007 - NVE går imot sitt eige vedtak og aksepterer slik røret ligg

06.06.2007 - Grunneigarlaget til OED - klage på NVE si avgjerd

10.10.2007 - Meland kommune til NVE - ber NVE sørga for at røret vert lagt i tråd med løyvet

07.12.2007 - NVE til OED - NVE sin forklaring og merknad til klagen

07.01.2008 - Grunneigarlaget til OED - motsvar til NVE sitt brev

10.03.2008 - Smoltanlegget til OED - merknad til klagen

07.04.2008 - Grunneigarlaget til OED - motsvar til smoltanlegget sitt brev

15.08.2008 - OED til NVE - OED er ikkje enig med NVE si avgjerd og ber NVE finna ei løysing i tråd med løyve.

28.10.2008 - Smoltanlegget til NVE - kommenterer OED si avgjerd og har skisse til mulige tiltak.

07.05.2009 - Grunneigarlaget til OED - motsvar til smoltanlegget sitt brev

17.03.2009 - NVE til OED - forslag til løysing inneheld inga løysing

03.04.2009 - Grunneigarlaget til OED - motsvar til NVE sitt brev

28.05.2009 - Meland kommune til OED - Ordfører presiserer kommunen sitt syn.

10.07.2009 - Smoltanlegget til kommunen - ber kommunen sette tilside tidligere kommunestyrevedtak

05.08.2009 - Grunneigarlaget til NVE - ber NVE gjere greie for godkjenning av detaljplaner   

10.08.2009 - Grunneigarlaget til kommunen - motsvar til smoltanlegget sitt brev

20.01.2010 - OED til grunneigarlaget - OED avviser klagen

20.04.2010 - Grunneigarlaget til NVE - purrer på svar på brev av 05.08.2009

31.05.2010 - Grunneigarlaget til SOM - ber ombudsmannen om hjelp til å få svar frå NVE

20.07.2010 - NVE til SOM - NVE har ikkje godkjend alle detaljplanar slik konsesjonen krev.

03.09.2010 - Grunneigarlaget til SOM - ber ombudsmannen vurdere tiltaket med røret.  

05.11.2010 - SOM til OED - ombudsmannen ber olje- og energidep. gje ei utgreiing om saka.

18.11.2010 - OED til SOM - Olje og energidep. meiner konsesjonsvilkåra er fulgt 

06.12.2010 - Grunneigarlaget til SOM - motsvar til dep. sitt brev 

17.02.2011 - SOM til OED - Ombudsmannen ber Olje- og energidepartementet vurdere saka på nytt

08.09.2011 - OED til MHGL - Dep. snur og seier no at tiltaket ikkje er i tråd med forutsetningene for konsesjonen.

11.09.2011 - Grunneigarlaget til OED - merknad til dep. sitt forslag  

20.03.2012 - Olje- og energidepartementet endrar teksten for at konsesjonen skal stemme med arbeidet.

Til toppen      -      Bilder      -      Tiltaket

 

Denne sida er oppdatert 03.08.2023     Til webmaster sin hovedside