MIDTRE HOLSNØY GRUNNEIGARLAG
HISTORIE: Laget vart skipa i 1993 og har omlag 50 medlemar,
og held til i
nedslagsfeltet til Rylandsvassdraget, som er eit stort og vakkert vassdrag på Holsnøy nord for Bergen.
LOKALITET: Vassdraget har tre hovudvatn.
Høgast Storavatnet,
så Bjørndalsvatnet og Rylandsvatnet som renn ut i sjøen ved Ryland/Vikebø. Her er og fleire småvatn og elvar. Storavatnet
er det største på 2,9 km² og renn inn i Bjørndalsvatnet gjennom ein
idyllisk kanal. Det er et par meter høgdeforskjell mellom øvre og nedre
vassdraget.
RESSURSER: I vassdraget er det fleire fiskeslag. Aure, røye, ål
og stingsild. Fisken er størst i Rylandsvatnet med snittvekt på 200g medan
snittvekta
er 120g i Storavatnet/Bjørndalsvatnet. Det har vore tatt aure på 5 kg i vassdraget. Det
har tidlegare vore fiska med ruse etter ål. Her er stingsilda som berre er nokre cm stor og
vi kjenner ikkje til at den kan brukast til noko. Her er og mykje skogsfugl og
vadefugl. Vassdraget er populært turområde og vert mykje nytta til kano/kajakk padleturer.
Det er mogleg å ferdast mellom Herdlafjorden og Rafjorden via vassdraget.
Vassdraget er idag fysisk stengt for oppgang av fisk. Det er i grunneigarane si
interesse at vassdraget vert gjenopna for anadrom fisk.
FISKEKORT: I vassdraget gjeld
nasjonale regler for fiske, og det er grunneigaren som eig fiskeretten utanfor sin eigedom. I dag er det ikkje krav om
lokalt fiskekort i nokon del av
vassdraget, men det er likevel viktig å visa omsyn ved ferdsel på annan manns
eigedom. Dette gjeld særleg ved parkering av kjøretøy og ferdsel over dyrka mark
eller nær bustader eller kaier, og det er vanleg praksis å spørja grunneigaren.
Fiskar ein frå båt treng ein ikkje spørja grunneigaren.
NASJONALE FØRINGER OG LOKALE FORSKRIFTER: Vassdraget kom i 2005 med i nasjonal verneplan for
vassdrag. Kommunen har laga forvaltningsplan for vassdraget. Store deler av
vassdraget ligg innanfor kommunal LMN sone og det er ikkje tillate å bygga i
100m beltet. Vassdraget har særskild
forskrift, som begrensar fri bruk av
motorisert fartøy. Dette set eit generelt forbod mot bruk av motorisert fartøy i
heile vassdraget, medan det i Storavatnet/Bjørndalsvatnet er løyve for
grunneigaren dersom det er i høve næring. Her er imidlertid begrensingar på
hastigheit og motorstorleik.
REGULERINGSFISKE: Laget kjøpte hausten 2005 ei stor flyteruse
som vert brukt i Storavatnet. Målet er at den skal redusera mengda til fordel for storleiken.
Det er røya som er overbefolka. Det er fordeler med rusa at den fiskar meir og er lettare å bruke i forhold
til garn. Ein har halde på med reguleringsfiske med garn i vassdraget i mange år,
og me reknar med at med hjelp av flyterusa så skal storleiken
på fisken auka. Fangstrapport frå
Storavatnet: 2007.
2008.
For effektivt garnfiske, nyttar me fleire 6m djupe garn knytta saman i ei lenke. Når
ein trekker garna over båten er det lett å plukka ut fisken. Garna kan då stå
ute på same plassen i lengre tid, men ein må tøma garna dagleg.
INNGREP FRA INDUSTRI: Eit
smoltanlegg driv produksjon ved utløpet av vassdraget. Sidan sommaren 2006 har laget engasjert seg i
eit av smoltanlegget sine tiltak. Dei har plasert ein stort inntaksledning i vassdraget
og grunneigarlaget meiner ledningen er plasert i strid med
gitt konsesjon. Ledningen er skjemmande og til hinder for fiske, og laget har klaga saka til
rette myndigheter. Du kan lese meir om denne saka
her.
Vasshøgdene i vatna vert regulert av smoltanlegget etter reglane i
løyvet og ein lokal vassavtale. For låg eller for høg vasstand kan gje problem.
Vasshøgda i Bjørndalsvatnet og Storavatnet kan reguleras mellom 9,81 og
11,14 moh. Vasshøgda ligg vanligvis på 10,80 -11,10 moh. Ved ekstrem
nedbør kan den gå over 11,14. Vasshøgda i Rylandsvatnet har liten
variasjon - ca 8,60-8,80 moh, vanlegvis 8,70.
Bileter frå garnfiske i Rylandsvatnet i mai 2003
Link til Vasslaget av 1974 Besøkende nr.
Siden er oppdatert
08.08.2017
Til webmaster sin hovedside |